

Historie
Nyoppdaginga i Amazonas
Året 1541 la Franscisco de Orellana ut på ein ekspedisjon ned Amazonas som første europear. Han kunne fortelje om det som truleg var den største byen på jorda - El Dorado. Denne ekspedisjonen tok også med seg sjukdomar saman med europearane. Denne- og seinare ekspedisjonar medførte at så godt som heile den innfødde befolkninga døydde.

​Nemninga Terra Preta skriv seg frå Amazonas.
Her i Europa har vi svært ung jord. I tropane er jordsmonnet svært gamalt, og svært utvaska. Følgjene av dette er at jorda er sur. Det oppstår kjemiske bindingar mellom jern og aluminium, og jorda har derfor svært lite tilgjengeleg næring. Alle næringsstoff er dermed over bakken, og i eit kontinuerleg kretslaup.

Gamalt nytt også i Norge.
Sjølv om dette var nytt for forskinga, var fenomenet med iblanding av kol i dyrkingsjord ikkje ukjent. I 1856 kom heftet “Havebog for almuen” av Christian Schübeler. Heftet er ei rettleiing i kva vi kan tilføre jorda for å gjere henne meir fruktbar - m.a. trekol.
Lokale historier

Det finst mange artige eksempel kring landet, mellom anna denne historia frå Valdres; i 2017 laga Gjermund Skrindsud eit nybrot oppe ved Vinde-vatnet. Under dyrkingsarbeidet oppdaga han at det var enorme mengder med trekol under bakken. Dette skriv seg truleg frå ein kolossal skogbrann først på 1800-talet.
Det vart gjødsla, harva og sådd våren 2018. Våren gjekk over til tørkesumaren 2018 og Gjermund hadde nok å gjere nede på garden. Heile bygda vart totalt avsvidd.
​
Først ut på sumaren fann han tid til å sjå etter nysådninga. Han hadde småe forventningar, då det ikkje var kome ein einaste dråpe meir regn der oppe enn nede i bygda. Til hans store overrasking sto graset kne-høgt - i første års sådning!Nettopp denne evna til å halde på vatn ved tørke gjer at biokol er ettertrakta i varmare land.