

Karbonfangst / Karbonrekneskap / Karbonkredittar / Karbonkvoter

Vi har valt å vinkle vår presentasjon om biokol til kva fordelar DU har av å bruke biokol i jorda.
Krav til karbonfangst er på trappene, meir om desse nye regulativa etterpå.
Karbonfangst
Vi har laga eit lite reknestykkje for å vise kva konkret karbonfangst som ligg i bruken av biokol:
Ein brenneomgang med Kon-Tiki lagar kring 1800 liter biokol. Tørrvekta på biolet veg dermed kring
ca. 540 kg. Med 85 % karboninnhald = 460 kg reint karbon.
1 karbonatom har ein masse på 12
1 oksygenatom har ein masse på 16
Dermed har CO2 ein vekt på 12 + 16 + 16 = 44
(det blir nytta atomvekt ved utrekning av spesifikk vekt)
I vårt reknestykkje vil resultatet frå ein brenneomgang med Kon-Tiki vera 460 kg karbon
Dette tilsvarar 1686 kg CO2
I mange år kjørte vi Toyota Prius som har utslepp på omlag 0,89 g CO2 / km
5 timar brenning biokol vil svare til 1900 km kjøring!
Tiltak kring karbonutslepp
Her er det mange ulike innfall; mange tiltak er utarbeidde over fleire tiår, dei er verdsomfattande, og skal gjelde for alt frå industri, handel, til landbruk og til tenesteyting. Det er ikkje lett å finne fram i korleis regelverket vil påverke den einskilde. Eit hovudproblem er at regelverket synes å fokusere mot industrielle aktørar, og dermed kjem småe næringsdrivande i ein svært pressa situasjon.
Karbonrekneskap
Vi begynner med det nyaste: Karbonrekneskap, sidan det nye krav vil gjelde alle frå 2030

ESRS - European Sustainability Reporting Standards
Desse direktiva gjeld frå 3.april 2024; endeleg regelverk vart publisert 27 des. 2024. Dei er svært omfattande. Av interesse for oss er den delen av EU dokumentet som slår fast at frå 2027 (rekneskapsåret 2026) vil regelverket gjelde for firma som møter minst 2 av desse vilkåra:
-
Minst 10 tilsette
-
Minst 10 m kr. salsinntekt
-
Minst 5 m kr. balanse
Mange av våre kundar vil difor bli pålagt å føre karbonrekneskap (bønder, gartnarar, parkvesen, kompostprodusentar).
​
For småfirma kan det vera råd å bruke forenkla standard i staden for heile ESRS regelverket.
Vi har forsøkt å finne ut av regelverket, men slik det er utforma (2024) er det i dag mest med tanke på dei store aktørane. Dei fangar dermed ikkje opp småskalaprodusentar.
Inntil vidare er EU-regelverket slik utforma at det er uråd å ta eigenprodusert karbonfangst inn i karbonrekneskapen. Dette av di karbonfangsten då må bli stadfesta av ein tredjepart for å bli godkjent. Og EU-regelverket seier at småaktørar må nytte dei same eksterne konsulentane som store industrielle føretak. Dette blir både for dyrt og for byråkratisk. Derimot er det tilstrekkeleg med eigenrapportering for å utløyse tilskott frå fylkeskommunen.
Karbonkredittar
Det er fleire innfallsvinklar for å registrere utsleppskutt, vi vil her ta for oss 2 av desse. Det er nokre skilnader mellom desse, men båe har som mål å legge fram konkrete, effektive innfallsvinklar:
​
Science Based Target initiative (SBTi) er oppretta av fleire internasjonale organ for å lage klåre, vitskapsbaserte mål for å avgrense den globale oppvarminga til FN sine mål om 1,5°C.
-
Standarden skil mellom kortsiktige mål fram til 2030 og langsiktige mål fram til 2050.Siktemålet er at selskap må gjere drastiske reduksjonar i eigne utslepp før enn dei tek fatt i utslepp som dei definerer som «uunngåelege»
-
Standarden gjer klårt at utsleppsreduksjonen må omfatte heile verdikjeda til firmaet i samsvar med 1,5°C målet. Dette inneber at utsleppsreduksjonen må være på minimum 90-95%
-
Det er berre ved fjerning av klimagassar frå atmosfæren som kan nøytralisere utslepp.
Selskap blir oppmoda til å støtte utsleppskutt utanfor eiga verksemd og eigne verdikjeder.
Oxford-prinsippa
- vart publisert i 2020, og er tydelege på at kredittar basert på fangst og permanent lagring av CO2 er ein føresetnad for å bruke kredittar for å innfri netto null-mål.
Andelen kredittar frå prosjekt med CO2 -fjerning blir trappa opp over tid, slik at den frivillige karbonmarknaden blir ein mekanisme for å finansiere løysingar og teknologi for CO2 fjerning. Frå 2050 er det berre kredittar som er basert på fangst og permanent lagring som blir akseptert som å være i samsvar med Parisavtalen.
-
Bruk berre kredittar av høg kvalitet. Vilkåra for desse kredittane blir jamleg reviderte.
-
Gradvis overgang til berre bruke kredittar som er knyta til fangst og lagring.
-
Gå gradvis over til langsiktig og permanent lagring.
-
Opprette ein tydeleg klimastrategi for å oppnå mål om netto nullutslepp.
CO2 kreditt - kor mykje kostar dette pr. tonn/m3?
globalt er det stor variasjon i prisane, og denne marknaden siktar i første rekke mot firma som ikkje kan redusere eigne utslepp, eller som vil auke innsatsen.
OBIO -Oplandske Nioenergi - sel biokol med klimakreditt gjennom Puro.earth. Det kostar ca. 1050 kr ekstra per m3 eller kr.6000 per tonn. Då kan kreditten bli ført på kjøparen sitt rekneskap.
Sertifikat kan bli utsteda mot eit tillegg i prisen.
Karbonkredittar kan være essensielle i lønnsemda til dømes i OBIO sin produksjon av biokol.
Likeeins er det mange næringar som ikkje har høve til eigen fangst- eller lagring av karbon.
Dermed kan kvotekjøp være ein måte å få karbonrekneskapen til å gå opp.
Kontrovers
Karbonkreditt er ikkje utan kontrovers, då mange oppfattar desse som avlatsbrev der dei små skal sende store summar til dei rikaste i verda. Dette er ikkje utan grunn:
-
Ifylgje New York Times kom 43% av overskottet hjå Tesla i dei første 9 månadene av 2024 frå sal av klimakreditt.
-
Dette utgjorde 2,1 milliardar dollar, som betyr meir enn 32 milliardar norske kroner på årsbasis.
Det er langt ifrå alle som delar Elon Musk sin agenda for samfunnsendring.
Kor mykje vil rekneskapsføring koste for små aktørar?
Småe verksemder har heilt andre økonomiske rammer enn store konsern. Per i dag er det vanskeleg å fastslå kor mykje det vil koste å utarbeide bærekraftsrapportar, rett og slett fordi det ikkje er utabeidd rutinar for dette.
Med gjeldande krav til rapportering og godkjenning av eigenprodusert karbonfangst vil små aktørar få ei uakseptabel økonomisk belastning. Direktivet frå EU om karbonfangst er nyleg utarbeidd, og kriteria for godkjenning av Kon-Tiki er heilt ferske.
Vi vil halde fram med å presse på for tillegg som fangar opp eigenproduksjon hjå småaktørane.​​
Karbonfangst med Kon-Tiki
God Jord har som mål at karbonfangsten til småskalaprodusentar skal bli inkludert i kredittsystemet. I fleire år forsøkte vi å få bistand frå norske styresmakter utan å lukkast. Derfor gjekk God Jord inn i samarbeid med eit spansk firma for å kunne påverke EU sitt regelverk direkte. I tillegg har vi arbeidd direkte mot EBC - European Biochar Council - for å få utarbeidd regelverk.
​​​
EU-parlamentet vedtok å godkjenne biokol som karbonfangstmetode i november 2023, og regelverket kom på plass i desember 2024. Målet til God Jord har vært å få konseptgodkjent Kon-Tiki teknologien som produksjonsmetode.
​
Vi har nettopp fått lønn for arbeidet vårt;
- den 28 januar 2025 fekk vi det nye regulativet for produksjon av biokol med Kon-Tiki.
Her ser du testing vår nye modell som blei utført av SINTEF ved Mære Landbrukskole vinteren 2024. Vi kom regelverket eit år i forkjøpet ved at SINTEF gjennomførte testing i fjor.

​​​Det står likevel att eit stykkje arbeid før den formelle konseptgodkjenninga er sluttført.
Karbonkvotar
Karbonkvotemarknaden har eksistert sidan Kyotoprotokollen i 1997. Då vart Clean Development Mechanisme (CDM) oppretta, Norge var ein sterk pådrivar i dette for å halde fram med oljeproduksjonen vår. Siktemålet var at rike land finansierte utsleppskutt i utviklingsland. Det var mange innvendingar heilt frå starten. Eit hovudargument var at aktørar ikkje ville gjera nok for å redusere eigne utslepp, men helst «kjøpe seg fri».
Kort sagt kan vi seia at karbonkvoter siktar mot statar og store internasjonale konsern. Dermed vil det være langt utover interesseområdet til dei fleste småskalaprodusentar, for ikkje å snakke om økonomi.
Vi vil ikkje bruke mykje tid på dette temaet då systemet er i ferd med å bli avvikla.
Ein rapport frå tyske Öko-institut og Stockholm Environment Institute frå 2016 konkluderte med at 70-80% av alle desse kvoteprosjekt anten ikkje hadde tilleggseffekt, eller at ustsleppskutt var overestimert.
Frå starten var tilbodet av kvotar større enn etterspurnaden, og i tillegg held overskottet fram med å vekse. Kvotane kan fornyast 2 gonger, så i realiteten kan dei vare i inntil 21 år. Dette store historiske overskottet av kvotar aukar lønsemd i prosjekt som for lengst er realiserte, framfor å utløyse ny utsleppskutt.
Dette blir av mange - og med rette - karakterisert som rein svindel.