

Kva er biokol?
- korleis fungerar biokolet?
Tilførar luft
Svampfunksjon
på vatn og næring
Porer / Vulkanisering 420 m2 / g

Biokol er på mange måtar eit mysterium.
Magien ligg i porøsiteten; biokol er ikkje lik anna trekol. Måten den blir laga på aukar mengden porer i overflata på kolet. Det endrar sjølve jordstrukturen uansett jordtype; morene, leire eller sand får total endring av eigenskapar.
Jorda får evne til å halde på vatn og næringsstoff og tilfører samstundes luft til jorda. Biokol er rett og slett eit universalmiddel til jordforbetring.
Her i det våte Nord-Europa blir jorda tilført luft, og jorda held på vatn, og får dermed får ein sterkare struktur. Biokol er like populær ved Middelhavet fordi porøsiteten også har evne til å halde på vatn. Sjølv i vårt klima kan denne eigenskapen kome til nytte i tørkeperiodar.
Levande jord

Kort sagt er biokol er ein heim for mikrolivet som aukar livet i jorda med mange tusen gonger. Det er nettopp livet som skil jord frå mineralstøv (soil from dirt). Plantelivet har brukt hundrevis av millionar år på å utvikle eit samarbeid med mikrolivet under jordoverflata. Ved å legge til rette for ‘’dei underjordiske’’, kan jorda stort sett levere det som plantene har bruk for.
​
Mikroorganismar toler ikkje dagslys. I dag nyttar vi UV-strålar for å desinfisere drikkevatn. Derimot treng mikrobar karbon for å kunne leva og utvikle seg. For å fange karbon treng ein fotosyntese.
Plantene kan produsere 40 til 60 ulike sukkerartar. Kvar av desse er som ein bestillingssetel der planten seier ifrå til jordlivet rundt seg at ‘’no vil eg ha magnesium, no vil eg ha kalium,’’ og så vidare. Slik bestemmer plantane sjølve sin eigen diett. Symbiosen med sopp og mikrobar er utvikla over hundrevis millionar år. Dess større mangfald det er i jorda, dess større næringsopptak finn ein hjå plantene.
Det er hevda at næringsinnhaldet i mange matvarer er redusert med 20% til 80 % sidan den industrielle jordbruket tok til kring 1950. Ved å legge til rette for at plantene sjølve finn næringa, blir resultatet sterkare planter, og maten vi et får att næringsinnhaldet.

Våt utan å drukne
Overflata på biokolet er mykje større enn overflata på stein av same storleik.Når du ser på ein bit biokol i mikroskop, oppdagar du at overflata ser ut som ein svamp. Det viktige er at biokol handsamar vatn på ein heilt annan måte enn det stein gjer. Blandar du vatn i sand så ser du at det blir som ei myr der vatnet flyt fritt mellom sandkorna.
Blandar du vatn med biokol, ser det ut som om vatnet forsvinn. Vatnet blir ikkje borte, det blir lagra i overflata på kolet. For planterøtene kan dette bokstavleg utgjera skilnaden mellom liv og død. Plantene blir ikkje ståande i vatn, og røtene får tilgang til vatn utan å drukne.
Korleis laga - og eigeskapar ved biokol

Temperatur
Kontroll på temperaturen er svært viktig. Er han for høg brenn alt virke opp. Er temperaturen for låg blir det for mykje tjærestoff (Polyakromatiske hydrokarbonar - PAH). Vi vil sjølvsagt ikkje ha kreosot i matjorda vår. Ein godkjent framstillingsmetode er difor av største interesse.
Klimagassar
CH4 (metangass) er ein klimagass som er 28 gonger meir reaktiv enn CO2.
I Kon-Tiki blir det danna ein kvervelstraum som brenn opp metangassen.
Vulkanisering
Sløkking med vatn er ikkje berre for å stoppe pyrolysen. I møtet mellom vatn og gloheit kol skjer det ein reaksjon som er med på å auke porøsiteten i kolet.
Sløkkjevatnet
har óg nytteverdi som ei mineralgjødsling. Det er små mengder aske som inneheld alle dei mineralane som treet har samla gjennom veksten. I tillegg endrar det pH’en, som kan være gunstig for mange vekstar.
Inert
- tyder at biokol ikkje blir brote ned, men truleg varar i tusenvis av år.
Ionisering
For at plantene skal ta til seg næring, må næringa være vass-løyseleg. Dette fører til at næringsstoff ofte blir vaska ut or jorda. Dette er særleg stort problem i tropane og andre stader der det regner mykje. Til dømes i Norge. Biokol har negative og positive ladingar som både held attende næringa, og som bidreg til utveksling av næring med plantene.
Oppmaling
Biokolet har fleire ulike funksjonar i jorda:
-
- Mikrobane er mikroskopiske og lite mobile. Dei treng berre «småe hus» Fint oppmale biokol har stor overflate. Dette gjev god tilgang til husrom til det ørvesle mikrolivet.
-
- Struktur. Med større bitar biokol i jorda blir ho lettare og luftigare og bryt såleis ned den kompakte jordstrukturen. Ved påføring i sandjord lagar biokol eit næringsteppe. I leirjord er det motsett verknad; du får luftigare struktur. I båe tilfelle held jorda betre på både vatn og luft
Lading (inokulering)
Nybrent biokol er daudt og utan næring. Biokolet må bli blanda med gjødsel eller anna næringsrikt materiale som til dømes kompost for å bli lada med livgjevande mikroliv.
Hydrofob
- Biokol er i utgangspunktet hydrofobt; dvs. at iona i overflata støyter frå seg vatn. Difor er det viktig å førebu biokolet før bruk. Det finst mange måtar å få til dette på.
Landbruk
Blande i gylle:

Landbruket
-har mange alternativ for lading. Det vanlegaste er å blande med gylle før spreiing. Eit godt råd kan vera å blande gylle og biokol minst 14 dagar før bruk. Då sikrar du god inokulering av biokolet. Tidsaspektet er viktig. Ved haustspreiing vil mikrobane ha fleire månader på å finne ein heim.
Malingsgraden
- Korleis du spreier biokolet vil avgjere malingsgraden. Ved spreiing med dyser må du bruke finare malingsgrad på biokolet. Ved nedmolding kan du bruke noko grovare biokol korn.
Spreiing med grusspreiar
- har du ikkje husdyr eller tilgang å gylletank? Då kan dette vera ein måte å spreie biokol på. Vi kom sjølve i den situasjonen; for oss var løysinga å spreie kolet med grusspreiar, deretter spyle på gylle, og til slutt harve.
Dette vart gjort om hausten, før ein lang vinter.
Video frå biokolspreiing på eige jorde - under produksjon
Direktespreiing.
Dei som driv økologisk eller andre som prøver å unngå jordbearbeiding kan spreie biokol direkte på eng og så påføre gylle. Ver merksam på at dette kjem i konflikt med nasjonale rettleiingar for tilskott ved bruk av biokol - sjå meir under avsnitt om økonomi.
Talle
Ved småfedrift er det ikkje aktuelt med gylle. I staden kan du ha biokol i tallen gjennom sesongen. Det syter for både lang inokulering, samstundes som biokolet blir tråkka sund. Då treng du ikkje male biokolet føreåt. Ver merksam på fargesmitte. Oftast betyr dette ingenting, men vi kjenner til ein eggprodusent som forsøkte biokol som strø. Detter resulterte i kolsvarte egg som måtte ha grundig vask før levering!
Hage / gartneri / komposteringsanlegg
Den enklaste metoden for både innblanding og inokulering av biokolet vil for alle desse vera dersom det blir blanda med kompost. Som små hobbygartnarar lagar vi vår kompost på denne måten:Hage
- Video frå eige tillaging av kompost - under produksjon
Vi har gjort forsøk med å legge kjøtbein i pyrolysen med gode resultat. Det resulterande beinkolet ser ut som kol men karboninnhaldet er berre kring 7-9 % Opptil 85% av beinkolet består av fosfor. Dette kan utgjera eit verdifullt tilskot til landbruket.
Fosfor er eit av mange mineral som høyrer med i menyen til plantane. Globalt sett er det frykt for at mangel på fosfor skal gje store problem for matproduksjonen. Likevel renn store mengder fosfor ut i havet, andre viktige kjelder til fosfor blir rett og slett definert som avfall. Dette er mellom anna tilfellet for slakteriavfall.
​
OBIO - tidlegare Oplandske Bioenergi - ligg attmed Nortura slakteri på Rudshøgda, og bruk av slakteavfall ville være ein vinn-vinn situasjon. Dette er stoppa av Mattilsynet. Kvifor? Temperaturen ved pyrolyse ligg stort sett mellom 600° og 750°C. og ingen mikrobar eller prionar som overlever slike temperaturar.

Beinkol

Kan du nytte grillkol i staden for biokol?
Vi har ofte sett påstanden på internett om at grillkol gjer same nytta. Det er slett ikkje tilfelle. Grillkol er eit industriprodukt som er laga ved mykje lægre temperatur for å halde tilbake hydrokarbonar - PAH - som skal gje varme til grillen. I tillegg til desse tjærestoffa, så er grillkol mykje meir kompakt og mindre porøst enn biokol.
Ikkje er det særskilt billeg. Ein kubikkmeter grillkol kostar ca. kr.5000
Du får brent mange kubikkmeter biokol til den prisen!
Bruksområde - Krav til biokolet
Jordforbetring
Til jordforbetring er det særleg innhald av PAH - tjærestoff - men også tungmetallar o.a. som er av interesse. Framstillingsmetoden for biokol er viktig då PAH-verdiane blir påverka av temperaturen i pyrolysen, derfor er framstillingsmetoden viktig. Innhaldet av tungmetallar er påverka av fyringsvirke. Dette blir regulert av Gjødselforskrifta.
Tilskott til dyrefòr
Næringsmiddelstilsynet stiller svært strenge krav ved bruk av biokol i dyrefòr.
OBIO lagar fòrkol som er godkjent. Dei gjorde forsøk med 0,5 % biokol i fòr:
Ku
Fastare avføring og betre fiberutnytting.
Brukt på kontinentet for å få betre mjølk
Kalkun
Bra i strø / god kompost
Kylling
Betre strø, betre luft, færre døde
(for mykje kol = dårleg fòrutnytting)
Smågris
Betre tarmhelse, ingen diarè.
Betre tilvekst = 1 kg auka slaktevekt
Færre døde; frå 5,2% til 0,9%
Stor salgsuksess i heile Europa
Kylling
Høgare tilvekst
Færre døde
Mindre halebiting
Å rekne fòrkol som faktor i gjødsel har ingen målbar ved spreiing på areal.
Til jordforbetring er det altfor småmengder biokol til at det får jordforbetringsverknad.
​
Kor mykje?

Det er nær grenselaust kor mykje biokol du kan nytte. Forsøk har vist at du kan blande jorda med inntil 70 % biokol før veksten blir hemma.Kva driftsform du har, korleis du brukar jorda og økonomien din er det som set grenser for bruken av biokol. Innanfor landbruket er det tilskotsordningar. Andre næringsdrivande må sjå på eigen økonomi og gevinst ved å bruke biokol.
Meir om dette under Økonomi og karbonfangst