top of page
  • Facebook

Praktiske erfaringar

Eigne erfaringar med biokol

Vi gjorde eit forsøk med plante lauk saman med tagetes.

Ingen av plantingane fekk tilført gjødsel gjennom vekstsesongen

2019-07-31 red.jpg

I det eine bedet brukte vi økologisk hagejord kjøpt på hagesenter.

Alle samplantingar døydde.

2019-07-31 16.53.10.jpg

I det andre bedet var det berre brukt biokolkompost

2019-08-15 12.57.08.jpg

Frå desse 2 små bed fekk vi eit halvt årsforbruk av lauk!

- og i tillegg var samplantingane særs frodige

2019-08-15 10.41.56.jpg

Med biokol: 430 g

Utan biokol: 31 g

Skjærgaarden Gartneri
Skjærgården.jpg

Skærgaarden gartneri er landets største produsent av vÃ¥rlauk. Gartneriet ligg pÃ¥ ein grusrygg med flott utsyn over Oslofjorden. Denne grunnen held ikkje pÃ¥ plantenæring. Før prosjektet inneheld jorda 2-4% karbon. Etter 4 Ã¥r med tilført biokol er karboninnhaldet oppe i 6-8%. Biokolet fungerer som ein svamp, og held pÃ¥ næringsstoffa.

 

Eit 2-årig feltforsøk med testing av biokol og biorestblanding vart utført på vårlauk ved gartneriet i Vestfold. Prosjekt Karbonvekst vart gjennomført i 2018-19 av NIBIO, og var utført av forskarane Daniel Rasse og Alice Budai ved NIBIOSiktemålet var å sjå på effekten av biokol i saman med biorestar (restane frå biogassreaktorer).

 

Med bruk av berre biorestar vart det dårlegare spiring.Resultat frå 2018 viser at biorest blanda med biokull oppnådde ein like god grunngjødslingseffekt samanlikna med tilsvarande mengde N (nitrogen) i kunstgjødsel Det vil seie at det var ein positiv samverknad som gav betre storleik på vårlauk plantene.

Biokolforsøk frå Telemark
2018 - Standard Bio.jpg
Stockholmsprosjektet

Stockholm kommune er blitt verdenskjend med nybrotsarbeidet sitt. I 2017 gav dei ut «Växtbäddar i Stockholm Stad». Denne ligg framleis ute som gratis PDF, men Stockholm begynte å arbeide med biokol lenge før dette.

 

I 2001 gjorde dei opp status, og fann at 2/3 av alle trea i byen var døde eller døyande. Stockholm er ein by med 2,4 millionar menneske i regionen. Kor mange tre som finst der har eg ikkje tal på, men vedlikehald og utskifting av desse er ein kolossal utgiftspost.

​

Derfor var Stockholm Stad tidleg ute og utvikla eigne prosedyrar for planting av trær. Resultata var heilt fantastiske, og har vekt oppsikt over heile verda.

1-7 Beplantning i Stockholm.jpg
1-6 Växtbäddar i Stockholm Stad.jpg

Biokol er ei viktig brikke i denne strategien. Det blir laga eigne i vekstkasser for trær. Til dels grov pukk 32/63 blir blanda i biokolkompost. Pukken syter for drenering av overskottsvatn, gir luft til planterøtene, og hindrar ikkje minst komprimering ved overflatetrafikk.

 

I begynninga med forsøkte dei å blande i jord, men fann fort ut at denne jorda vart vaska ut, og la seg som ei slamhinne i botnen. Istadenfor jord har dei gått over til bruk av biokolkompost. På denne måten blir mikrolivet oppretthalde, og dette har medført ein eksepsjonell vekst og plantehelse. med årsvekst på meteren.

Stockholm nyanlegg.jpg

– Nu undersöker vi möjligheterna att etablera en anläggning som är femton gånger så stor som den i Bromma. En sådan anläggning skulle kunna ta emot lite drygt 25 000 ton park- och trädgårdsavfall varje år och omvandla det till närmare 5 000 ton biokol.

 

Produktionen i sig skulle dessutom innebära en energiproduktion som räcker för att försörja lite drygt 3 500 lägenheter med fjärrvärme med minusutsläpp. En fullskalig anläggning skulle innebära en minskning av koldioxid på hela 10 000 ton varje år i Stockholm, säger Anders.

Sandnes kommune

I 2018 etablerte Sandnes kommune det første anlegget for produksjon av biokol frå hage – og parkavfall. BioMaCon frå Rehburg i Tyskland har produsert anlegget. Med dette gjer Sandnes kommune nytte av ressursar som elles hadde blitt kompostert, og i tillegg produserer dei om lag 100 tonn biokol i året.

​

Samstundes går overskottsvarmen frå pyrolyseprosessen på 3-500 000kwh til oppvarming av bygningsmasse i nærvarmenettet og erstattar naturgass. I Sandnes kommune si byplanting brukar dei no i hovudsak biokol som er blanda saman med kompost og stein. Biokol er no ein viktig del av oppbygginga i etablering av anlegg i Sandnes sentrum.

Sandnes.jpg
SJHS-logo kvadrat.jpg
Sogn jord- og hagebruksskule

Jord- og hagebruksskulen hadde i 2020 eit samarbeide med Aurland kommune og Indre Sogn renovasjon - SIMAS for å prøve ut omdanning av hageavfall til biokol. Siktemålet var å undersøkje potensiale til biokol, og undersøkje bruk og produksjon av biokol på gardsskala.

Alle vipp Kon-Tiki.jpg
SJHS med Kon-Tiki.jpg

I samband med dette prosjektet vart det kjøpt inn to Kon-Tiki pyrolyseomnar frå God Jord AS; den eine på ca. 320 liter, og den andre på ca. 2000 liter. Det vart gjort omfattande testing av både brenning, oppmaling av biokolet og samt testing av det ferdige resultatet.

© 2025 by God Jord AS. All rights reserved.

bottom of page